"Faktor" på Hommaneneset

2.April besøkte faktor Huglo.
"Faktor" på land ved Hommaneneset

Tidleg mandag morgon gjekk lasteskipet “Faktor” på land ved Hommaneneset. Trass i ulukka kan båten vere glad for at den grunnstøtte på Leiro, og fekk “ei mjuk” landing.I følge nettstaden sunnhordland.no, er det ikkje skadar på skip eller mannskap. Styrmannen hevdar han har sovna, men vart oppfatta som rusa, og vart teken med til Stord legevakt. Skipet var på veg frå Haugesund til Jondal. “Faktor” har tidlegare levert sand på Huglo.

Les meir om hendinga på sunnhordland eller NRK.

Foto: Gaute Haukanes