Påskestemning i bedehuset

Mange årar vart selde. I år òg

Laurdag 31. mars var det klart for den årlege bedehusbasaren på Huglo. I år som i fjor var det fullt rundt alle borda i begge salane, og ein kunne sjå at store og små koste seg.

Mange fine gevinstar

I år hadde me fått besøk av Gunvald Bjotveit som tala for oss, og som alltid når det er basar på Huglo, var det mange flotte gevinstar og mykje god mat!

God mat

Sjølv om trekkjinga av gevinstane har gått over til å foregå digitalt dei siste åra, så har det ikkje lagt ein dempar på spenninga som var til å ta å føle på. Ein kunne vinne alt i frå tradisjonelle basar-gevinstar som strikkalubber, sengesett og fruktcoctail til diverse påskesnop, påskeblomar og gåvekort på Huglabutikken.

Praten gjekk lett rundt borda

Takk til bedehuset for ein kjekk og solid påsketradisjon på Huglo!

Årar
Mange årar vart selde. I år òg