Søndag 23.juli vart det arrangert familiedag i Kvednavikjo. I strålande solskin møtte ca 200 opp til sosialt samver i Kvednavikjo. Det var lagt opp til ulike aktivitetar for store og små. Dei som ville kunne padle seg ein tur i kano på Tveitevatnet, sjå kodn verte malt i kvedna, få seg ein kopp bålkaffi ,ro ein tur på vågen, lage seg mat på grillen, bade, teste balansekunsten på høgthengande line eller klappe kaninungar.
Laks kokt i kokegrop er den eldste måten å koke mat på. Dette vart demomstrert og det vart smaksprøve til alle. Det kom mange godord om kor godt det smakte. Hønsebingo er for mange ein ukjend konkuranse. Det heile går ut på å velge seg ei rute å så gjeld det at høna skit i di rute. Sjølv om hønene var redde gjor dei jobben, og det var fine premiar til dei heldige vinnarane.
Etter smila og døme såg det ut til å vere ein svert velukka dag!
–Foto: Asbjørn Sortland