Familiedag i Kvednavikjo

Søndag 25.juli er alle velkomne til ein livleg og lystig familiedag i Kvednavikjo på Tveit!

Her vert varm grill frå kl 13.30, så ta med grillmat dersom du vil ta middagen her.
Klokka 15.00 vert stemmo opna og du kan få sjå når ein mel korn på kvedno. Dette er verkeleg ei sjeldan oppleving som er vel verdt å få med seg. Av mjølet me mel kan du få steika deg brød på takke over bålet.

Langs strendene på Huglo har det vore eit voldsomt laksefiske siste veka og no er det tid
for å eta fangsten. Tilberedning av mat i kokegrop er ein eldgamal metode som er spanande å ta del i. I Kvednavikjo vil det bli demonstasjon av dette og det vert smakebit til alle!
Nysteikt brød med laks frå kokegropa trur me vert mat for mange monsar.

Ta med litt pengar for å vera med i den mest originale utlodninga som nokon gong har vore på Huglo. Her vert flotte gevinstar og her kjem alt an på kor høna skit…-me seier ikkje meir.

I tilleg vert her leik og aktivitetar for store og små.

Og sist, men ikke minst, ta med deg ein kopp så vert her rikeleg med tid til god drøs over  kaffi frå bålkjelen.

Ta med deg alle du møter og kom til Kvednavikjo no på søndag!

                                                                                             Øyvind F. Sortland

 – Vatnet er stemt opp og steinane kvest;
kornet er tørka så her vert det fest!
Kom til Kvednavikjo søndag og bli først til møllo …
Det vert leikar og moro for store og små,
og kaffi frå bålkjel, det skal du få.
Kulturstien høver for støvlar og sko,
eller kanskje du heller vil ro …
(Tekst Arne Sortland)