Familien Notland Harnes

Familien Notland Harnes flytta til Huglo i fjor sommar. Men kven er dei, kva driv dei med, og vert dei buande? Det vart difor eit lite intervju.

Jasså, de flytta frå Torshov til Huglo?

Ja, det er noko med det at toåringen finn fram bankebrettet og hamrar laus på golvet kl 06 om morgenen. Rett under ligg den pensjonerte professoren og forsøker å få si heilage kvilestund. Då var det godt å koma til perla i innløpet til Hardangerfjorden!
Sjølv om besteforeldra også nok syntest det var godt å avslutte kollektivbuinga etter 4 månadar med herjing – dei tok vinteren i rorbua.

Kven er de?
Vi er ein familie på fem: Lene, Kristian, August, Tobias og Aurora.

Kva gjer de på, det verkar som at de driv dank på lik linje med pensjonistane, ja det er ikkje sjeldan eg har sett deg drikke kaffe midt på dagen på Huglabutikken?
Ja, godt spørsmål, seier Lene. Kristian var dagleg leiar på eit kulturhus i Oslo, men fekk ikkje flytte kulturhuset til Huglo. Derimot fekk han flytta hovedkontoret til plateselskapet og forlaget til Lauvåsveågen. Eg har vore i mammapermisjon. Men! Vi har drøymd om eit møbelprosjekt ei stund. Dette har vore hovedgeskjeften til begge to sidan sommaren. Aurora har sett mange møbelfabrikker og vore jamnleg i forretningsmøter. Men ja, vi styrer dagane sjølve og sett pris på ein tur til Huglabutikken midt på dagen!

Går det an å seie noko meir om møbelprosjektet?
Det går veldig godt an. Møbelbrandet heiter Nuen. Målet er å lage møbler i skandinavisk design som har tilført fornybar energi i prosessen frå tømmerhogst til og med produksjon. Dette klarer vi ikkje med ein gong. I første omgang blir det lokal skog og fleire lokale underleverandørar. Visste du at norsk skog er eit ukjent fenomen i dei fleste møbelfabrikker i landet?

Kva er status på møblane no?
Vi har jobba med ein loungestol og ei juniorseng. Vi siktar mot ei lansering før eller etter sommaren. Det blir veldig spennande!

Og barna då?
Det går litt fram og tilbake om dei sett pris på turen i åpen båt til barnehagen, men jo større bølger dess meir positivitet. Og i høst beit lyren kvar dag når eg dorga på veg heim, det var stas for både barn og vaksne – seier Kristian. Men no i vinter har lyren trekt til djupare farvatn.

Blir de buande på denne så veldig idylliske perla med så mange fantastiske mennesker?
Først ville vi prøve å bu her litt, og så har det vore veldig positivt. Det er eit scenario som heile familien er enig om at vi vil, å skille ut ei tomt og bygge hus nær besteforeldre og båt. Men landbrukskontoret meinte at det var veldig lite realistisk å få til. Vi har ikkje heilt forlatt den tanken, men vi innser at det uansett kjem til å ta langt tid med dispensasjonssøknad og anking på avslag. Så framtida er usikker i så måte, kanskje vi må ta eit stopp på Rommetveit og heller pendle til Huglo?

Kva er det beste med Huglo?
Det er så mange bra ting med Huglo! Umiddelbart vil eg trekke fram to aspekt – seier Kristian. At vi treffast på tvers av generasjonar, og at vi lever tett på naturen. Begge deler bidrar til at trivselen har nådd nye høgder.