Ferdig og klart!!

Per Egil, som har stått på nær sagt døgret rundt, sa det:  Arbeidet har vore synleg i eit par veker, men dette har gått føre seg i eit år – minst.  Bak det resultatet me nå ser, ligg det mykje tankar, planar, søknader, og nye søknader, og anbud og nye planar.

Nå kan her tankast!  Frå og med i kveld er det nye tankingsanlegget til Huglabutikken heilt klart til bruk:  Ny tank som tar både diesel og bensin og ny pumpe med to pistolar på kvar sin trommel med 20 meter slanger.  Eit økonomisk kjempeløft for butikken, sjølv med 50% støtte frå Merkur.  Anlegget er så moderne at det administreres berre med bankkort, ikkje kontantar!

Albert har gjort gravearbeidet og vil halde fram med det som trengs av finpuss og avslutning,  Dei to tankinstallatørene frå Norsk Energiteknikk Region Vest, Abdullah og Jonny, har hatt arbeidstøyet på til langt på kveld.  Men helten på Huglo må vera  Per Egil, som har lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats, både på gravesektoren og på koordinering og logistikk.  Fantastisk.

Abdullah og Johnny har gjort ekspertjobben med pumpe og røyr

Per Egil og Albert har gravd og målt og gravd

Neste skritt vert fjerning av dei to store tankane i hagen til Arne.  Men det er eit nytt kapittel.