For ca ei veke sidan tøffa vår driftssikre M/F Folgefonn sørover, og me fekk M/F Hordaland i staden. Og det skal me ha i omlag 2 månader, medan Folgefonn er på Halsnøy og får installert batteri til elektromotoren. Til no har elektromotoren vore dreven av ein dieselmotor, som når batteriet er godt og vel på plass, berre skal syta for om lag 10% av drifta, 90% skal batteriet klara. Batterier må ladast, og det vart bygd ladestasjon på Huglo, der ferja ligg om natta. Men no er det frå høgara hald bestemt at batteriet skal ladast på Jektevik, med hurtigladar. Ladaren på Huglo? Tja, den får liggja i fred, ser det ut til. Finst det ein god forklåring?