Ferjebyte og nytt ferjestø

MF Hordaland, driftsikker og til å lita på

Arbeidet med nytt ferjestø på Nordhuglo har starta denne veka.  Førebels har det berre vorte arbeidd på dagtid, og ferja har gått i rute som vanleg.  Men komande mondag kjem sjølve ferjelemen, den skal setjast på plass natt til tyrsdag.  Ein vonar å unngå stans i ferjetrafikken med nattarbeidet – men dei som bur nærast ferjeleiet, kan venta seg ei våkenatt.  Det går nok ikkje heilt lydlaust føre seg å setja på plass ein stor ferjelem!

Og når kjem den nye ferja?  Me får den store ferja Folgefonna med kapasitet til å ta ennå nokre fleire  bilar enn Hordaland som tek 54/64   bilar, så det skulle vera sutelaust å koma seg ombord.  Men byttet er utsett avdi Folgefonna skal vikariera for ei anna ferje eit bel, så dei siste ryktene går ut på at ho kjem i vårt samband uti oktober.

Mannskapet vert dei hyggelege karane (inga damer??) me kjenner, dei er ansatte i sambandet, ikkje på ferja.  Og takk for det.