Denne laurdagen vakna huglarane – og og alle andre som var på øyo – til beskjed frå fjord1 at ferjesambandet Jektevik – Hodnanes – Huglo var “innstilt inntil vidare”. Klokka 13.30 kom det ei ny melding om at det kom skyssbåt, med avgang frå Jektevik kl. 12.10, som skulle vera erstatning for ferja, på ubestemt tid. Skyssbåten tar totalt 18 passasjerar.
Huglabutikken hadde då alliert seg med to kjekke ungdomar som tidleg på føremiddagen gjekk til Jektevik med båt og henta brød. Men kva med dei som var på øyo med bil og skulle reisa vidare? Og for all del: Kva om me skulle trenga brannbilar?
Klart at dette er i sak for Bygdalaget å ta opp med fjord1. Men kor er reaksjonen frå kommunen mot fjord1, Stord kommune sin administrasjon som lar ein del av innbyggjarane sine vera i uvissa om kommunikasjonen til og frå Huglo?
Førebels, nå kl 15.45, har det ikkje kome informasjon om når me får ei fullverdig erstatningsferje. Dette er for dårleg!!