I eit litt surt midtsommarsvær, innviterte Huglo IL til feiring av St. Hans laurdag. I år som i mange år tidlegare vart det laga til fotballkamp på Leirvikestølen før bålet vart tennt på Leiro. Sjølv om smikka var aktiv og det vart kort mellom bygene, så stilte ca 20 store og små opp på for å spele kamp medan det var like mange tilskodarar.
Heldigvis vart det slutt på regnet rett før klokka vart 19:30, og bål og grill skulle tennast i sjøkanten på Leiro. Dei modigaste testa til og med badetemperaturen!
Idrettslaget hadde sal av grillmat. Dette var svært populært!