Sago

Restar frå gamal tid
Restar frå gamal tid

Inne ved Sago set ein garn og får torsk rett som det er.  Om ikkje torsk, så ein fin lyr, og ikkje så mange krabbar at det vert plagsomt.  Dei eldste huglarane veit både kor Sago er like nord for Breivikjo og Storesteinen, og at navnet kjem av at her var det ei sag ein gong.  Det var ei flomsag som berre kunne nyttast når det hadde regna nok, og sjølv då hogg sago seg ujamt gjennom stokkane.  Framleis kan ein sjå restane etter verksemda her, etter navet som heldt vassturbinen og restane etter sago.