![Storkrabben](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2013/09/Storkrabben-424x212.jpg)
Desse tre fangstane vart tekne i farvatna rundt Huglo/Storsøy siste veka. Nokon betre? Krabben var 1,7 kg og 22 cm på tvers. Den fekk gå i sjøen att, mistanken var stor om at den var eit sers vassent eksemplar av ein hankrabbe. Longo, derimot, kjem til å verta mange gode middager. Han vog 9 kg før sløying.