I år er basaren til inntekt for Vyborg-arbeidet her på Huglo, i skulen, laurdag 7. september. Start kl 15. Me har sett bilete og høyrt om fattigdomen og den sosiale nauda i russiske Vyborg, og her er det heilt sikkert at hjelpa kjem fram. Bussen med utstyr går direkte frå Sunnhordland, og dei som reiser med til Vyborg, betaler reisa sjølv, av eigen lommebok. Bygningsarbeidet som har vore gjort på barneheimen i Vyborg, er dugnadsarbeide. På basaren får me høyra meire om Vyborg, kva hjelp som trengs og kva som er gjort siste året. Elles står programmet på plakaten.
Velkommen!!