Fiskelukka

Kva kan ein ikkje få på eit heilt vanleg fiskesnøre og det rett utafor Korsvikjo!  Denne karen beit på agn og blei med heilt opp i båten, der han vart lirka forsiktig av kroken og plassert i ei bøtte med vatn.  Litt liten hybel, syntes han, han sugde seg godt fast til sidene i bøtta og ville gjerne ut.

Blek blekksprut

Då eg lirka han laus og tok han ut or bøtta, trudde han vel at no skulle han få koma tilbake til sitt rette element, han var roleg og bleik om nebbet.

Sint blekksprut

Men det gjekk visst ikkje fort nok, for han vart illsint (trur eg), heilt raud av sinne vart han, så eg lyfte han forsiktig over kaikanten.  Det var ein glad (trur eg) blekksprut som sumde som ei pil ut i det fri.