Her kjem ei oppsummering frå haustmøtet til bygdalaget.
1: Viksanden: Det vart rydda ute etter stormen “Nina”. Friluftsrådet sponsar 12 000.
2. Vatn og avlaup: Ny ledning frå Reset til ny spillvasstank på Nordhuglo. Prosjektet er ikkje heilt ferdig.
3. 17.mai: Flott gjennomføring. Bygdalaget håpar på like flott arrangement neste år.
4. Huglo.no: Bygdalaget rosar gjengen i nettredaksjonen for jobben dei legg ned. Thomas Notland jobbar på med “den nye huglo.no”
5. Hjartestartar: Det er to hjartestartarar på Huglo. Ei eiga gruppe har ansvaret, og hadde kurs i haust.
6. Barnehagen: Har vore leigd ut sidan januar 2014, og vert ledig frå nyttår. Bygdalaget har fått godkjendt bruksendring.
7. Samferdsel: Bygdalaget har sendt inn tre merknadar på samferdsel i kommunen:
– Ferjo: Det er ønska å fjerne stjernestoppen på “tiferja”
– Buss: Det er ønska buss frå Jektevik til Leirvik som korresponderar med 09.15 ferja frå Huglo.
– Det er ønska at kystbussen skal ha fast rute nedom Jektevik, slik at ein slepp ringe å bestille bussen.
8. Samsonshagen: Venter på vatn og avlaup.
9. Politisk møte: Det var politisk møte før valet i haust.
10. Fastlandssambandet: Alle styrande parti er samde om at prosjektet skal inn i RTP. Dette vert avgjort haust/vår
11. Sykkelutleige: Det vart diskutert korleis dette kan organiserast betre. Bygdalaget fekk inn fleire tips frå salen.
12. Bulyst: Dette er har vore siste året med bulyst-prosjektet. Det vart orientert om fabrikken2015. (Det kjem eige skriv om dette på huglo.no) Mange hulglarar deltok på feiringa av bulyst-prosjektet i kulturhuset på Sord.
Sjå filmen om Huglo (og dei andre øyene) her.
13. Biblioteket er flytta opp i skulestova.
14. Julekonserten med songlaget storabuen vert tradisjonell (uten huglo skulekorps) den 6.desember.
15. Skulen: Bygdalaget har kjøpt skulen for 100 kr. Det vart diskutert drifta vidare. Det vert estimert utgifter på 100 000 kr per år, samstundes som Stord kommune støttar bygdalaget med 50 000 kr til drifta per år. Det vart diskutert ulike forslag på korleis ein kan få inntekter på bygget. Bygdalaget tek imot forslag.
Det er føresleie at det skal dannast eit “husastyre”/driftsstyre som får ansvar for eigedommane til laget. Haustmøtet vart ikkje samde om kven eller korleis dette skal organiserast, men dette bør komme på plass snart.
Det kom forslag om skulen kan nyttast som asylmottak. Bygdalaget ynskjer tilbakemeldingar på dette.