Flott initiativ

Breivikjo treng rydding
Breivikjo treng rydding
Breivikjo treng rydding

Vår initiativrike Solfrid rydda siste badesesong Gurivikjo for alt søppel som hadde drevet i land. Og det var mykje! Nå er dei verste vinterstormane over og det er utruleg kva som samlar seg av boss i løpet av ein vinter. Solfrid kontakta for eit par veker sidan SIM på eige initiativ – på vegne av Huglo Bygdekvinnelag – det måtte være på vegne av en organisasjon eller lag. Ho fekk sendt 100 gratis grøne avfallssekker til Huglabutikken. Der kan alle som skal ut og gå tur og har lyst til å gjera ein dugnadsinnsats, henta ein sekk og legge turen til ein av Huglo sine badeviker, plukka med seg plastavfall o.l. og anten knyte igjen sekkenog la den stå ein stad der den ikkje vert tatt av neste vindråse, eller ta den med til næraste bilveg. Sei ifrå på butikken, så vert sekken henta og kjøyrt til ein samlestad der SIM vil henta. No skal Huglo verta førebiletleg rein!
Breivikjo 1