Innevêr ute

Kunne våre kjevla tunnare - det kjem med øving! Smaker er det likevel ikkje noko å seia på.
Kunne våre kjevla tunnare - det kjem med øving!  Smaker er det likevel ikkje noko å seia på.
Kunne våre kjevla tunnare – det kjem med øving! Smaker er det likevel ikkje noko å seia på.

Det er ikkje mange turgåare å sjå ute for tida. Veret freistar ikkje til uteaktivitetar. Altså må me finna på noko innomhus. Kva med å prøva seg på å snekra fuglekasse? Eller laga tradisjonsmat? Det er spesielt hyggeleg å samla fleire og så arbeida i lag.

Lefsebakekveld
Lefsebakekveld

Her kjem Bergitte Sletteskog sin oppskrift på “Lepser med gjær”. Veldig lett å kjevla ut! Tips for å få lefsene runde i formen: Legg litt arbeide i å ha runde, jamne emne før du startar kjevinga.
Til ei passeleg arbeidsøkt treng du:
7 dl søt mjølk
50 g gjær
1 pk fløyte
2 egg
Mjølka lunkas. Rør ut gjæren i denne, og visp fløyte og egg i blandinga.
(Når Bergitte sa “fløyte”, meinte ho ikkje lett-fløyte, nei!)
200 g smør (smeltast)
200 g sukker
1 kg kveitemjøl
1/2 kg fin rug.
Bergitte røyrde alt saman og lot deigen kvila 1/2 time. Så laga ho emne og lot dei kvila under eit klede “ei lita stund”. Bergitte fekk 34-35 lefser av denne deigen. Sjølv greier eg ikkje å kjeva så tunt, så det vert ikkje så mange. Ikkje enno. Er du nybegynnar, kan det vera greit å lage deigen halvparten så stor sånn i starten.
Fuglekassa kjem i neste omgang. Det er snart vår!

Tallerkenmetoden for å få lefsene trillrunde
Grytelokkmetoden for å få lefsene trillrunde