No er folketellinga på Huglo 1910 lagt ut på htt p://www.digitalarkivet.no/ Her er det mykje kunnskap og kulturhistorie å henta. Eg har kikka litt i teljinga for Huglo og funne mykje av interesse. Teljinga som var gjort i desember md. syner at det då budde 255 personar på Huglo. Fordelt på gardane så var det 74 i Nordhuglo, 56 i Sørhuglo, 26 i Litla Brandvik, 25 i Stora Brandvik, 22 på Tveit, 15 på Haukanes og 15 på Røssbø.
Tunet med flest folk i var Bruntveits tunet i Nordhuglo med 14 personar på i alt 3 forskjellige hushald. 3 stk. av dei er oppførte med midlertidig bustad. Nest mest folk hadde Øysteins tunet med 13 personar på 2 hushald. Her var det ein person med midlertidig bustad. Elles er det fleire bustader rundt om på øya som er oppførte med 8 -10 personar kvar.
Interessant er det også å sjå at i Nordhuglo låg der 2 fiskebåtar med mannskap. Det er ”Klara” frå Sund med tre mann om bord, og ”Maagen” (Måsen) frå Os med to mann. (desse fem personane har ikkje eg talt med i folketalet for Nordhuglo)
Ser me på alderssamansetjinga av folketalet så finn me mykje meir yngre folk en i dag. Mellom anna så finn me at her er 48 born som er 7 år og yngre. Den yngste me finn må vera Borghild Solbakken (Tveit) fødd 9. november 1910 og truleg ikkje døyp då teljinga var halde (ho har ikkje fått namn) Vidare så er her 43 born mellom 15 og 7 år (skuleborn)
Den eldste som bur på Huglo då dei talde i 1910 er Johanne Jespersdatter, Tveitevågen (bestemor til Mons Tveit som budde på Tonjen) Ho var fødd 22. juni 1821 og er såleis i sitt nittiande år.
Elles så ser me at så snart dei var ferdige med folkeskulen må det ha vore mange som har reist vekk. Me finn berre 9 som er 16 år, og av desse er det 3 stk. som er taus (tjenestepike) utanfor heimen. Så går det radikalt nedover med alderssamansettinga. Her er berre 3 som er 17 år og av 18 åringar (fødde i 1892) bur det ingen på Huglo då teljinga vart halde.
Det er også råd å finna kva yrke og familiestatus den einskile har. Ein kan lesa om korleis trygdeordningane virka (kårhaldet) og litt om sosialtenesta finn me også. Alt i alt mykje å finna på denne vebbsida.
Arne Sortland