245 i 1920
Natt til 1. desember 1920 oppheldt det seg 245 personar på Huglo.
Kven var dei og kva gjorde dei? No kan me få svar.
Ved folketeljinga 1. desember 1920 vart det fylt ut ein 2-sidig setel for kvar innbyggjar i landet. I tillegg til namn og fødselsdato vart det her bl.a. registrert yrke/levebrød og rolle i husstanden (hovudperson, hustru, tenar osb.). Sjukdom og skavankar og grad av arbeidsevne vart og ført opp, og om ein hadde vore i Amerka. Og det var det fleire på Huglo som hadde. Desse opplysningane har vore sperra for innsyn i 100 år. Alle personsetlane er no skanna og vart 1. desember 2020 gjort tilgjengelege for alle på Digitalarkivet sine nettsider.
Treng me vita alt dette om folk som levde for 100 år sidan? Kanskje ikkje, men å lesa gjennom desse setlane for ei bygd eller ein kommune gjev eit godt inntrykk av korleis folk levde på den tida. Mange born og store hushaldningar. I eit tun på Huglo er det ført opp 16 personar på same hushaldslista. Mange av huglarane opplyser at dei lever av notbruk og fiske, og gardsbruk sjølvsagt. Men på øya var det og smed, murar, folkeskulelærar, handelsmann og meierist. Kvinnene fører opp husmor som levebrød, eller hjemmeværenede for ugifte. Men det var eit unntak: det budde ei jordmor på Huglo.
Dei aller fleste som vart talde på Huglo 1. desember 1920 var fastbuande, men det var og enkelte «gjestearbeidarar» som opplyser at dei dreiv med veiarbeid.
Opplysningane i folketeljinga er sortert etter fylke, kommune og teljekrinsar innan kvar kommune (etter den kommuneinndelinga som var då). Huglo finn du som teljekrins 1 og 2 i Stord kommune. Det er mange inngangar til å søkja eller bla i dette materialet. Rettleiing om korleis du leitar i folketejinga ligg på sidene til Digitalarkivet.
Tekst: Gudbjørg Grønsdal