For nokon: Årets viktigaste dag!

GÅ!!!

Klar - ferdig - -
Klar – ferdig – –
1. oktober klokka 08.00.00 startar hummerfisket! Det gjeld å ha alt klart, samla fisk til agn i månadar på førehand (saltast, men STINKAR likevel), treteiner må leggast i vatn (liten vits med hummerteiner som flyt i overflata), teinene skal agnast og stablast opp i båten kvelden før, og SÅ: Start kl. 07.30 for å ligga klar på den beste plassen kl.8. 10 teiner per båt og person, lovlege teiner med rømmingsveg, vaka namna, hummermål med minstemålet ligg klar i båten til trekkinga neste morgon. Dette er kystkultur! Og Huglo er kjent for å ha gode fiskeplassar både for fisk og hummar, og til stor irritasjon for ihuga fiskare på Huglo, har ikkje Stord kommune eiga fiskerigrense. Så her gjeld det å slå kvinnherdingane til dei beste steinurane og fjellsprekkane langs land!! I morgon får me sjå fyrste resultatet. Me kryssar fingrane . . . .
GÅ!!!
GÅ!!!