Store og små varm samla for førjulstreff i gymsalen laurdag 16.desember. Samarbeidskorpset Huglo-Onarheim gjennomførte to flotte avdelingar, mykje flott musikk og trygge musikanter. Vår lokale Mathilde og tilreisande Vidar hadde begge kvar sitt framifrå solistnummer. Harald Rydland, Lisa Instefjord og vener, hadde ei eiga evdeling med flott sang og musikk. Hjarteleg takk for konserten!
EI lita utlodding, god drøs, kaffimat og ein roleg førjulsettermiddag for alle dei frammøtte.