Det vart ein hyggeleg kveld for dei 18 som var i Fjellheim på Bygdekvinnelaget sin førjulskveld. Alle hadde med eit bidrag til eit felles matbord, og der var det mykje godt! Etter mat og prat framførde Samson og Hedvig ein dialog av Ragnar Hovland, med open slutt: Kva gjekk eigentleg føre seg med den båten og Han som hadde venta i så mange år?
Så var det quiz i grupper, og der var ikkje svara opne! Men sjokoladepremien vart delt så alle gruppene fekk smaka. Og 10 av dei 18 gjekk heim med juleblom og nokon fekk med seg julemarsipan frå utloddninga – og alle gjekk heim i godlage etter ein fin kveld.