I tråd med tradisjonen, vart det på jonsok avvikla fotballkamp på Leirvikestølen mellom fastbuande og hyttefolk . Oppmøtet var det ikkje noko å seie på, så det vart folksamt på banen. Laginndelinga var på tvers av både alder og erfaring, så her hadde alle ein moglegheit til å vise fram fotballferdighetane sine.
