Laurdag 10. september var det klart for den store Vyborgbasaren. Arrangørane med gode hjelparar hadde stått på lenge med å selge lodd, skaffe gevinstar, bake, pynte og dekke på borda. Og det vart sett stor pris på av dei langt over 100 frammøtte laurdag ettermiddag.
Det er tredje goongen at denne basaren blir arrangert på Huglo. Me fekk besøk av Fitjar musikklag som song og spelte fint for oss. Deretter fekk me ein presentasjon av arbeidet til Si-reiser og Vyborghjelpa. Me fekk sjå bilete av representantar frå Si-reiser (og huglarar) som har teke turen til den russiske byen for å hjelpe til med å dele ut mat og klede, og for å hjelpe til med å byggje blant anna avrusningsheimar. Men bodskapet var enkelt: Vyborghjelpa treng fleire pengar, blant anna for å kunne byggje ein barneheim. Og huglarane var svært gavmilde, og kjøpte lodd for store summar.
Mellom dei to åresala var det mat, både rundstykke og kaker. Så fekk me høyre flott musikk av Sveinung Andresen som song og spelte piano for oss.