Etter mange dugnadsdagar med rydding av skog, sti og sjølve gravrøysa, var det søndag klart for offisiell opning av kulturminnet på Nordhuglo. Arragementet starta i omnshuset med foredrag og oppsummering av prosjektet. Så tok dei vel 130 frammøtte turen på merka sti til gravrøysa på Hommandeneset.
Då alle hadde komt seg bort, var det klipping av snor, og det vart framført fanfare. Reinert Agdestein hadde fått den prestisjetunge oppgåva å kutte snora. Han hadde for anleidninga fått ein kopi av bronsedolken som er blitt funnen ved gravrøysa til å kutte snora med.
Rett etterpå var det avduking av den flotte informasjonstavla som er sett opp.
Så kunne me nyte ein god kopp kaffi, gode kaker og bollar.
Det var ingen spesielt kresne personar på Hommandeneset denne dagen sidan alle ville smake på mat tilbereda på ekte bronsealder-vis. Øyvind hadde laga til kokegrop der det vart “kokt” lammelår. Alle fekk smake, og det var svært gode tilbakemeldingar.
Ros til komitèen for eit flott arrangement!