17 aksjonærar møtte på generalforsamlinga.
Butikken fekk ny dagleg leiar i 2021, Hege Elin Haukanes. Mykje pent er sagt om Wenche Taranger, den forrige daglege leiaren, dette utan forkleinelse for ny leiar. Å vera leier for ein så marginal butikk inneber mykje arbeide, mange seine kveldar. Hege Elin sin visjon er at Huglabutikken skal virka forlokkande og innbydande, noko ho har lukkast til fulle med.
Årsregnskapet for 2021 er gjort opp med eit negativt resultat på kr. 209.592,-, men reknskapen syner at dette ikkje skuldast kjøp og salg av varer, men delvis store investeringar i 2021, og nødvendige driftsutgifter. Kjøp og salg av varer ligg på omtrent det same som for 2020, som var eit godt år for butikken.
Generalforsamlinga vedtok ei øyeblikkeleg utviding av aksjekapitalen på kr. 50.000,-, og vedtok at styret for butikken har fullmakt til å utvida aksjekapitalen for inntil nye kr.50.000,- ved behov. Aksjane vil verta selt til pari kurs, kr. 1000 pr. aksje.
Val: Per Egil Sæter og Njål Rune Sortland vart gjenvalt, ny i styret er Leif Nortveit. Nye vara er Torunn Nødland og Janne Iren Eikeland. Styremedlemmane Adine Birkeland og Kjersti Helland var ikkje på valg.
Leiaren av møtet, Nils Elde, kommenterte at dette var einaste styre han visste om der godtgjering til styret ikkje var eit tema. Styrearbeide i Huglabutikken gjerast heilt på dugnad.
Hege Elin hadde vore i kontakt med ny reknskapsførar, firmaet Inter, som hevda at butikkdrifta går i balanse inneverande år.