Generalforsamling i Huglabutikken A/S

 

Huglabutikken A/S hadde generalforsamling laurdag.  Til ein generalforsamling høyrer det både årsmelding, reknskap og valg av styremedlemmer.

Butikken vår er liten, men særs oppegåande!  Sjølvsagt får den støtte:  i 2019 kr. 50.000 i utviklingsstøtte (og da må butikken kunne visa til konkret utvikling frå forrige år) og kr. 100.000 i servicestøtte av di den er så mylkje meire enn ein matbutikk, her er drift av gjestehamn, drivstoffsalg og salg av lokale produkt.  Butikken er arrangør, eller er med å arrangerer, samlingar som kaidagen og sommerkafé.

Men dette er berre toppen av isfjellet.  Under ligg ein solid handel, ein dagleg leiar, Wenche, som gjer Huglabutikken attraktiv og hyggjeleg, og lojale og trufaste kundar.  Budsjettoppnåinga for 2019 var på 115,32 %, 18,3% høgare enn i fjor.

Per Egil vart attvalt som styreleiar, og dei styremedlemmene som var på val, Alf Einar, Njål og varamedlemmene 1. Leif og 2. Erik, vart alle attvalt.

Butikken har søknad inne hos Stord kommune om løyve til å skifta ut den tilårskomne drivstofftanken på 9m3 med ein ny på 16m3.  Håpet er at Mercur dekkar 50% av kostandene med dette, da det er viktig for butikk og gjestehamn å ha drivstoffsalg.

Huglabutikken vil i juli månad ha sundagsope kl. 14 til 17.

Generalforsamlinga vart avslutta med applaus til  dagleg leiar Wenche, og til styremedlemmene, for arbeidet dei gjer.