Ei strålande pinsehelg

Det slo til i år óg:  I pinsen er det (nesten) alltid fint ver!  I år var det ganske utruleg flott, etter ei lang periode med corona-krise og kaldt vårver.  Alle snøflekkene på Kattnakken var borte, det var 13,5 grader i Huglovikjo (og då er det som regel 2 grader meir i Teitevågen) – mange tok seg årets fyrste dukkert.

Sitteplassen utafor Huglabutikken var stapp full av isspisande hyttefolk, båtfolk og huglarar som ikkje tenkte så mykje på kor lang 1 meter er, det var kø for å koma inn i butikken (berre 5 inne om gangen) og Huglabutikken kunne gleda seg over at handelen i mai i år var veldig langt høgare i kroner enn mai i fjor.  I gjestehamna låg båtane stundesvis fleire i bredden.  Og dei som hadde garn ute, fekk mange fine torskar!

Og det var lange, varme, lyse kveldar,  nesten som på ein syden-ferie, særleg når ein kunne hjelpa litt til med terrassevarmar eller utepeis.

 

Så får me håpa på at dette berre var ein forsmak på korleis sumaren blir!!