Det var kalla inn til generalforsamling for butikken 28.april i Fjellheim. 32 aksjonærar møtte. Styreleiar Njål Sortland opna møtet. Nils Eide vart valt til møteleiar. Kommunen sin representant, Håkon Frode Serstein, var tilstade for fyrste gongen.
Årsmeldinga for 2011
Om verksemda: Huglabutikken AS er eit selskap som driv med detaljhandel av daglegvarer, lokalisert på Huglo i Stord kommune.
Rettvise oversikt over utvikling og resultat: Selskapet har i sitt 5. driftsår drive med eit overskot på
kr. 62.542. Det er innteksført prosjektstøtte med kr. 42.000. Det er udekka tap frå tidlegare år som svarer til 1/3 av aksjekapitalen. Styret ser det som realistisk at drifta går med overskot dei neste åra slik at selskapet din eigenkapital kan gjenvinnast.
Vidare drift: Reknskapen er utarbeidd under føresetnad av vidare drift.
Arbeidsmiljø: Styret ser på arbeidsmiljøet i selskapet som godt. Tilsette har ikkje vore utsette for ulykker eller skade i samband med utføring av sitt arbeide.
Ytre miljø: Selskapet driv ikkje med verksemd som ureinar det ytre miljø.
Likestilling
: Selskapet hadde ved utgangen av året ei kvinne tilsett i full stilling. Utanom dette har det vore leigd inn ekstrahjelp. Selskapet fører ein kjønnsnøytral personalpolitikk. Det er fem personar i styret, to kvinner og tre menn.
Andre tilhøve: Styret er ikkje kjent med tilhøve som er viktige for selskapet si stilling og resultat, som ikkje går fram av reknskap og balanse. Det er etter utgangen av reknskapsåret ikkje oppstått tilhøve som etter styret sitt syn er vesentlege for selskapet.
Njål Sortland (sign) – styreleiar Eline Bruntveit (sign) Elling Røssbø (sign) Dag Arne Willgohs (sign) Cecilie Rønhovde (sign) – styremedlemmar
Det som ikkje er nemt i årsmeldinga, er den store verdien av dei mange timane dugnadsinnsats særleg medlemmane av
styret legg ned – uunnværlege for driften av butikken! Her er det fritt fram for andre aksjonærar å melda seg til å væra med å ta imot varer på onsdagskveldane.
Reknskapen, godkjent av revisor, vart lagt fram og godkjent av generalforsamlinga.
To styremedlemmer var på valg. Eline vart gjenvalgt. Elling går ut av styret etter at han har vore med der sidan oppstarten. Valborg fekk med seg helsing og takk til han for lang og god innsats. Som andre styremedlem vart Samson, som har vore 1.vara, valt inn. Per Egil og Hege Elin vart gjenvalt som vararepresentanter. Njål tok imot gjenval som styreleiar.
I fjor fekk butikken ei fin inngjerda plass ute til kaffekos. No er ei etterlengta markise komen, 3×5 meter, til både sol- og regnskjerming. Merkur har dekka 50% av markisa og 50% av pc til butikken, slik at Wenche kan arbeide med reknskapet i ledige stunder.
Og til sist: Inga samankomst på Huglo utan mat! Eline, Eli og Åse hadde laga ei nydeleg betasuppe, og etterpå var det kaffi og kaker som såg ut og smaka som dei kom rett frå ein profesjonell konditor.