På den ordinære generalforsamlingen i Huglabutikken AS møtte 15 aksjonærer pluss ein representant frå kommunen, Håkon Særstein. Etter dei faste postane ved opning av møtet, blei årsmelding og reknskap godkjent. Omsetningen var kr. 4.107.819,- ei auking på 13,4% i 2014 i høve til året før, så sjølv om resultatet viste vel 8000 kr i minus, er stemninga optimistisk for videre drift.
Styret for 2015: Leiar Njål Sortland, styremedlemmar Hege Elin Haukanes, Eva Biringer, Per Egil Sæter, Samson Huglen. 1.vara Jon Olai Bruntveit, 2.vara Else F. Sortland.