Stor stemning på Turid’s kafe på laurdag, då Kari Bolette Lundal var på vitjing med eventyr og historie frå gamle dagar. Etter eit eventyr om ein gut som var svoltnare enn Ola Diger og Mons Matglad tilsamans, fortalde ho om jordmora “Sella” frå Mauranger. Då ho vaks opp, hadde Kvinnherad inga jordmor, og “Sella” var vitne til fødsler der både mor og barn døydde under fødselen. Stordpresten Erik Olsen, som i tillegg til teologi hadde studert medisin og fysiologi, fekk henne inn på jordmorskule i Bergen i 1877. I løpet av si ca. 55 år lange virketid tok “Sella” imot om lag 500 born – ho må ha vore ein sers viktig tryggleiksfaktor for kvinner i Sunnhordland. Historia står i årboka “Sunnhordland”.
Og så var det mat frå ein variert meny til mange frammøtte.

Stikkord: Kafe
Del dette innlegget