Gratis tilkjøyrd strøsand

Denne kunngjeringa sto i bladet Sunnhordland på mondag.  Det samme står på kommunen si nettside, under eigedom/veg og parkering/strøsand (sjå nederst på innlegget).  Etter ein rask telefon til kommunen sitt telefonnummer, som sto i annonsen, var svaret at “Ja, dette burde jo og gjelda Huglo, men ??”  og ho lova å spørja “han som har ansvaret for utkjøyringa”.  Og så vart det stille og ingenting hende.  Ny telefon i dag – same svaret.  Men ein e-post gjorde susen!  Etter ca. 2 minutt kom svaret, med venleg helsing, frå Renate Våge, servicemedarbeidar, Fellestenester:

Løysinga for Huglo er at ein kommunalt ansatt som er busett på Huglo, tek med seg bøttene over.  Så dersom de tinga strøsand, får de levert bøtter de også.

Tilbudet gjeld alle over 70 år (og det er det jo mange av på Huglo) og dei med nedsett funksjonsevne.

Telefonnummer for bestilling av gratis strøsand er 53 49 66 00.