Kva skal ein servera nyttårsafta? Litt seint å fundera på det no, kanskje, men ettersom verda ser ut til å fortsetja på ubestemt tid, kan ein jo tru at det vert bruk for alternativ til pinnaribbe og svinesteik neste år òg. Meininga var å servera laksen grilla ute på vanleg trekolgrill, men nyttårsaften regna det (då kan ein slå opp ein parasoll til å stå under) og så blåste det så ille og i alle retningar rundt huset, at huseigaren vart heilt bøs berre ved tanken på open eld og la ned veto. Elektrisk utegrill vart alternativet, lukta av innendørs steikt laks er ikkje noko å trakta etter.
For interesserte: Om morgonen nyttårsafta vart litt tjukke skiver av laks plassert i ein marinade av olje, raust med sitronsaft, salt, peppar, reven kvitlauk og godt med reven ingefær, og kanskje litt karri. år tida er inne for grilling: Ikkje tørk av marinaden, berre legg skivane på grillrista. Laks er feit fisk som kjent, den heng så godt saman at det ikkje er naudsynt med dobbel grillfiskerist, men det skadar sjølvsagt ikkje. Til å snu fisken med, er ein brei steikespade god reiskap. Om lag 5 minutter på grillen på kvar side, fisken må ikkje vera oversteikt, den skal vera varm, men nesten rå inni. Kva skal du servera til? Slottspoteter (potetkløfter frå steikeovnen, krydra med salt og rosmarin?), eller nøttepoteter (Pommes noisettes fra frysedisk) steikt 15-20 minutter i ovn – inga av desse alternativa krever saus. Grønnsaker? Erter? Sukkererter? Babygulerøter? Wokka grønsakblanding frå frysedisken?
Nam!! Og lukka til som vintergrillkokk.