Gromgubbane

Gromgubbane

Du har sikkert høyrt om H.S.D,-hjortajakto,-Huglabutikken,-Mette Marit,-brunost og lutafisk. Kanskje har du også høyrt om trøndergruppa”Side gubbar”?.  Men Gromgubbane, har du høyrt om dei?. Nei, tenkte meg det.

Gromgubbane er tre karar som held til på Huglo. Dei held seg mest for seg sjølv, og kjem ut for mangt og mykje. Og er av ulike årsaker helst ute når mørket sig på.

To av gubbane har du kanskje allerede fått litt kjennskap til på nettsida til Huglo. Glupsamannen , den tettbygde hissigproppen som bur i Glupsaholo oppe i Honsryggen, og  den ovstore Johannes på Loftet, som er så gjennomgod og klok, og har slike gode, varme auge, at han kan smelta eit kilo margarin med dei. Johannes på Loftet held til inne i fjellet, bak ei fjellhylla ovafor Stemmevatnet. Her har han eit svært bibliotek, som rommar alt av store og små litterære verk. Den einaste han deler bokskatten med, er Lars Åge, som også er kjent som ein stor lesehest. Saman kan desse to sitja oppslukte i bøker på daga-vis, heilt til auga blir stort og vått.(“hyseauga”).

Båe to  er så proppfulle av litterær kunnskap,at om dei hadde vilja stilt opp, hadde dei vore brennheite kandidatar til å sitja i Nobel kommiteen for litteratur.

Den tredje gubben er Røssbøtrodlet. Denne figuren har tilhaldstad under ein stor raudbrakje på Røssbø.

Det besta Røssbøtrodlet veit, er tomatsuppa utan makkis. Kan han derimot finna tre – fire egg av skjetatrast og hiva opp i suppa, tykkjer han den blir ekstra velsmakande.

Som liten datt han ein gang opp i ein stor bolle tomatsuppa, og etter den tid vart hår og skjegg hjå Røsbøtrodlet på farge som tomatsuppo. Når han  frå naturen si side også er utstyrt med to små svarte auge som ser ut som mogne brakabær, ja då er ikkje Røssbøtrodlet lett å få auga på inne i brakakjosen.

Den langa nasa til Røssbøtrodlet fekk det då han og Glupsamannen, i ungdommen, rauk saman om ei taus i frå Laukhammar.Det enda med at Glupsamannen fekk grep om nasa til Røssbøtrodlet, og drog det etter nasa frå Småhaugane til Reset. Hadde ikkje Lunde-Per`n,  fått skild kamphanane, hadde nok nasa til Røssbøtrodlet vorte endå større.

Ellers er Røssbøtrodlet som meg og deg, med ei god og ei dårleg sida.

Den gode sida til Røssbøtrodlet, er den fantastiske evna det har til å få det meste til å fungera. Røssbøtrodlet er eit teknisk vidundertroll, eller som Johannes på Loftet seier: Røssbøtrollet er som ein flink ingeniør i fjerde potens.

Den dårlega sida til Røssbøtrollet er venstra sida av skolten. Her står øyra bak fram, og mykje av hårfeste er borte og er erstatta av transplanterte brakanåler. Historien bak dette elende skriv seg frå eit par tiår sidan då den første kantklipparen kom til øya.

Røssbøtrodlet som normalt nytta Glupsamannen og den sløva brakasaksa hans tilhårklypp, augna i kantklipparen nye mogelegheter. Så då kantklipparen var ventandes, la Røssbøtrodlet seg, med hovudet i passe høgda i veg-grøfta. Mens det låg der å venta, såg på augnastikkarane som summa forbi og høyrte kvekket av ei padda i ein myrhol, blei det så segen at det dorma av. Vakna gjorde det først då kantklippare for over hovudet, røska med seg venstra øyra og ein del av hårfeste. I rein forfjamselse fekk Røssbøtrodlet fat i øyra sitt og pressa det på plass att, før det for over Hagalemyra i tre-fire byks. Etter ei veka med dundrande hovudverk, og nokre liter med lækjande tomatsuppa kom Røsbøtrodlet til hektene . Det var fyrst då det spegla seg i ein myrkulp det såg at øyra var sett på bak-fram.

Men hell i uhell ,føremonen med det blei jo at Røssbøtrodlet heretter høyrer like godt bakante som framante