Det er fredagskveld/natt på fredelege Huglo. Men ute i mørke skjer det tydeligvis ting me ikkje får med oss før det er for seint. Fyrst når dagslyset kjem, ja fyrst då ser me kva som har skjedd på natta. Uerstatteleg skadeverk på buskar og tre har blitt utført. Reinhekla hærverk vil mange kalla det, ungdomsopprør vil igjen andre sei. Det er den brunstige hjorten på Sør Huglo som har vore på ferde.
Heilt inn til husveggen kjem han og trakkar sundt blomsterbed. Denne natta er det ein Buksbom som er blitt stygt kvesta, og ein stor forsvarslaus Tuja som har fått kjenna på horna til hjorten. Det minkar på jakta, berre to dagar igjen. Det kan virka som om han er informert, sidan han kjem nærmare og nærmare og nermest spottar jegarane.
Ynskjer du å lesa meir om hjortejakta på Huglo, kan du trykkja her
Da va no godt at epletreet fekk stå i fre! :) Kjende eg nesten vart litt redd…