2.april støtte lasteskipet MS Fator på hommaneneset på Huglo. Det viste seg at skip og mannskapet hadde hatt litt av reise, sjå ruta her. Skipet skulle slett ikkje til Huglo, men Jondal, og kjøyrde både på kryss og tvers av fjorden før ferda enda på Hommaneneset. Styrmannen vart misstenkt for å vere rusa, og vart teken med til legevakt. Prøven som vart teken 5,5 time etter grunnstøytinga, viste at mannen hadde 1,9 i promille, ifølge bt.no. Ein kan då stille spørsmålet om kor høg promillen var då skipet grunnstøtte. Verken skip eller mannskap vart skada.
Foto: Gaute Haukanes