VON 3.august 1963. "Sørhuglo om 20 år"

Frå VON 3.august 1963

Me vitjar Sørhuglo om 20 år

Amerka-Lars har vore over dammen i 20 år, men no er han attkommen. Saman med han tok eg meg ein tur på søre enden av øya, og så får me høyra kva amerika-fararen fortalde meg:

”20 år er lang tid”, sa eg med meg sjølv. ”No vil eg ta meg ein tur sør på øya og kanskje kan eg råke nokre kjenningar der.” Eg tok ferja ”Dada” til Huglo frå Husnes der storbyen i Sunnhordland no låg. Vel ombord-komen råka eg på ferjeeigaren T.Nakken. ” Er det ikkje H.S.D som har rutene her?” spurde eg. ”Nei, etter noko strev og bal greidde eg å konkurrera dei ut”, sa eigaren og gliste stort.

Eg tok meg ein tur på brua saman med hr.Nakken, og no hadde eg fritt utsyn mot barndomsøya mi. ”Ho ser sameleis ut utanpå”, tenkte eg. Ferja tok nokre flotte svingar inn-mellom Tveite-øyane for full stim, men – nåde meg, no renner me på land! Eigaren såg at eg vart ottefull, men då gliste han berre og sa : ”Du treng ikkje vera redd då. Me går opp kvednabekken.

Her er no bygd slusekanal opp i Tveitevatnet”. ”Du store min”, sa eg. ”kva skal det vera godt for? Det kan då ikkje vera bruk for noko slikt”. ”Jo , no skal du høyra” fekk eg til svar. ”Heile sidene langs Tveitevatnet er regulerte og ein hytteby har vakse fram der for byfolket på Husnes. Det er forresten ikkje hovudårsaka til at kanalen her vart bygd. Til endes på vatnet litt nemleg største garden på øya, Englebo”. ”Ja, namnet minnest eg då, men før var det ein gard på om lag 20 mål”, sa eg. ”Å, det er no lenge sidan. No er garden på over 100 mål, med gartneri, frukthagar, fedrift og kornavl. På grunn av utførsla derifrå måtte kvinnebarm kommune – kvinnherad og Strandebarm kommunar er no samanslegne til ein storkommune – byggja kai inst i Tveitevatnet og kanal til sjøs”. Eg sto berre og saup etter anden over denne utgreiinga. Det var mest som i eventyret.

Eg kom til meg sjølv att av båtfløyta som skar gjennom sjauen på kaien. Mykje folk var frammøtte, og at ekspeditøren var bas, var lett å sjå. På kaien råka eg ein mann med hagle over aksla, jakttaske på ryggen og ekte tyrolsk jergerhatt. Det var noko kjent med han, og då eg spurde meg føre, fekk eg vita at det var ikornhaleseljar T. Wiberg. Me gjekk ilag oppover den breie autostradaen til Englebo. Eg spurde han kva han dreiv med. ”Jo, eg sel ikornhalar”, var svaret. ”Kan det svara seg då?” undrast eg. ”Jo, etter fabrikken kom på Tangen er eg fast leverandør til den. Fabrikkuniformen deira er nemleg slik: Hue med ikornhale i, og dessutan ein hale der ikorna har an. Men eg kunne nok ikkje fø kjerring og ungar berre med det. Difor driv eg ølbryggjeri saman med kringkastingssjefen for Huglo, Elling Røssbø. Det siste vert forresten for det meste sesongarbeid”. ”Så du er gift”, sa eg. ”Ja, men folkar ho seg ikkje likevetta, kjerringa mi, bed eg henne snart dra heim att dit pepparn gror” sa han.

No nerma me oss Englebo, og på tunet sto kona på garden. Men kva ? Var det ikkje Beriten? Jo, så – men, men åleine var ho ikkje. Ho såg mest ut som ho var i himmelen, slik krydde det med småenglar rundt henne! ”Nei, er du her?”, sa eg for å ha noko å seia. Og då rødma ho nett som i gamle dagar. ”De vil vel snakka med husbond”, sa ho. ”Men han er ikkje heime. Eg kan hiva på ”Larsen” så de får ein kaffiskvett”. ”Nei, me må vidare, elles takk”, sa eg. ”Du får helsa bonden!”

Me tok i veg og kom frampå reset så me såg nordover. Men du verda! Kva var det ? På flaten nedanfor oss var det hundrevis med småhaugar. ”Kva er det?” spurde eg. ”Jo, det er gravhaugar”, sa ikornhaleseljaren. ”For nokre år sidan budde ein mann her som al kalvar, men kor som alt var, vart det mange dødsfall i kalvegarden. Ja, annen måtte til slutt kjøpa gravemaskin for å få dei i jorda. ”Der”, sa han og peikte, ” der nede står maskina forresten. Der har han stått i 10 år no”.

Men no fekk eg sjå eit ovstort byggverk. ”Det er vel fabrikken” sa eg. ”Ja, og der har du frisørsalongen som høyrer til”, sa omvisaren min.  ”Frisørsalong?” undrast eg. ”Ja, direktøren krev nemleg at alle arbeidarane skal vera som han sjølv, glattraka på hovudet”. ”Kven er frisør?” spurde eg. ”Jo, det er Konstanse. Du hottar vel henne, tenkjer eg.” Jo, det gjorde eg då, men no undrast eg på om me kunne få ei omvising i fabrikken. Jo, ikornhaleseljaren trudde han skulle greia det. Me tok i veg nordetter, kom til fabrikkverksemda, eit imponerande bygg med 10 høgder. Fyrst vart me viste inn i eit venterom, og etter eir par timars ventetid dekk me audiens. Eg bukka mest i bakken for direktøren, og han tok oss med rundt. Store maskinar fylte kjempehallane, men eg tykte det var lite folk i ei så stor verksemd. Dette sa eg og, og då fekk eg vita at dei nett no sat å åt. Då bad eg om lov å sjå dei, kanskje råka eg kjensfolk. ”Då får me opp på galeriet og ser ned på dei. Det likar eg best”, sa direktøren. Matsalen var full av folk, og der var nett som å sjå ned i ei bytte reinvaska nypoteter, så blanke var hovuda. ”Nei, her er det uråd å kjenna folk”, tenkte eg, så me sa takk for oss, og tok inn på hotell etter ein travel dag.

Red. Marit Sørhuglen