Fabrikken 2012 kjem nærare for kvar dag som går.
Me har no mykje godt bestemt oss for meny – som me veit er jo maten svært viktig og god på Huglo! Me veit at mange vil hjelpa til med ulike oppgåver knytt til mat før og under festivalen – tusen takk for dette!
Me er interesserte i å tilby mat med mest mogeleg lokale innslag. Difor vil me gjerne høyra frå deg som har lokale råvarer å selja til oss. No er sumaren her for fullt og det spirer og gror, så det me først og fremst treng å gjera avtale om er heimedyrka råvarer. Me treng rabarbra (til rabarbrakaker) òg ulike råvarer til salat. Så dersom du dyrkar tomater, agurk, ulike salatar o.l. vil me gjerne at du tek kontakt. Me håpar òg at nokre vil stilla med bær og syltetøy frå hage og skog.
Me er takksame for alle bidrag (små og store)!
Ta kontakt med Øyvind (tlf 975 94 046)