Er det igjen/framleis rev på Huglo? Dette er ikkje ein ny diskusjon. På slutten av forrige århundre (det er jo ikkje SÅ lenge sidan!) gjekk diskusjonen om rev eller ikkje rev livleg føre seg. Nokon hadde sett og høyrt reven, andre lo og kalte dette for fantasibilete. Heilt til reven vart skoten og plassert på trappa til den mest vantrue. Den som ler sist, ler som kjent best. Men den reven som dette bilete viser, lo sin siste lått – på Huglo – for kort tid sidan. Så no er spørsmålet: Er det framleis rev på Huglo – bortsett frå den som nokon kan ha bak øyret? Og kven ler då sist?
Del dette innlegget