Lite fisk i fjorden? Då får me nytta det me får. Steinbit, breiflabb, flyndre og skate, alle er god matfisk. Her kjem nokre forslag om korleis ein kan forandra desse “ufiskane” til delikatesser. I dag er skate i fokus.
Fyrst må du ta livet av fisken, for ho skal ikkje sløyast på vanleg måte. Så skjærer du av “vingene” langs kroppen – det er lett å kjenna kor du skal skjera. Ta skinnet av vingane – det går greit med ein tynn og lang kniv. Inni vingane er det ikkje bein i vanleg forstand, berre ei tett rad med brusk”bein”, dei får me greit ut på tallerkenen. Steik vingane litt forsiktig, gjerne i godt smør, dryss over litt salt og peppar, ikkje oversteik. Så er fisken klar..
Til den milde smaken av skate kan du koka ut panna med eplejuce, eller matfløyte. Ver forsiktig med kveitemjøl, her er det aller best med ein lett saus eller berre sky. Vil du ha sterkare fiskesmak på skyen, kan du nytta ein terning fiskebuljong, eller aller helst flytande fiskefond frå flaske. Og sjølvsagt kan du servera poteter og gulerøter til denne fisken óg. Men kva med å prøva steikte epleskiver, eller til og med druer som grønsak, og ris i staden for kokte poteter?