Hvor lenge har du bodd på Huglo? Eg er født og oppvokst på øya og har budd her heilt fram til i dag.
Liker du musikk? Eg likar forskjellig musikk. Då helst roleg musikk. Bill Gaither er jo fin sang og musikk. Likar og kirkemusikk.
Hva har du jobbet med? Eg har jobba på sjøen sida eg var 14 år.
Det har vore fiske og fraktefart. Seinere har eg vore i fergefart som styrmann og skipper. Har vore bortom alle fergesambanda til HSD, og har vore der heilt til eg gjekk av med pensjon.
Har du vert med i lag/foreninger? Eg var medlem i Norsk Sjøoffisersforbund.
Har du en hobby? Hobbyen min er jakt og fiske.
Noe du husker godt? Mange ting minnast eg godt. Den dagen krigen starta i 1940 minnast eg særs godt . Også frigjøringsdagen i mai 1945 .
Liker du å lese? Ikkje så forferdeleg ,så det er i grunnen greit å få kontakt med meg!
Har du tatt svineinnfluensavaksine? Nei.
Når kommer brua til Huglo? Det blir ikkje bru til Huglo før brua over Langenuen står ferdig. Så kanskje om 10-15 år.
Favorittmaten din? Til middag må det bli fisk i alle variantar. Til frokost likar eg godt egg og bacon med bønner.
Noen du kunne tenkt deg å møtt? Det måtte vera han Jens ! Hvem Jens ? han Stoltenberg!
Et sted du kunne tenkt å reist til? Har mange plassar eg kunne tenkt meg å reisa til.
For tida kunne eg tenkt meg ein tur til Færøyane og Orkenøyane.
Hva blir servert til middag på Julaften? Pinnekjøt og kålrabistappe med tilbehør. Riskrem til dessert.
Framtidstanker for Huglo? Det har bodd folk på Huglo sida steinalderen .Og om vi er nede i ein bølgedal akkurat nå ,så trur eg folket vil koma att til bygdene og Huglo.
Takk for praten Harry.
Huglo 30 nov 2009
Tekst og foto: Willy Trøite