Huglo vart i 2009 med i eit 3 års prosjekt innan livOGlyst. Dette er eit regionalt utviklingsprogram for småsamfunn i Hordaland. Hovudmålet er å skapa eit robust samfunn og snu folketalsnedgang til utvikling og tilflytting. LivOGlyst programmet er finansiert av Innovasjon Norge, Hordaland Fylkeskommune, Landbruksetaten og Sparebanken Vest. Finn meir info om livOGlyst programmet på nettsida www.kom-an.no.
Me har nytta Inger Karin LarsAAen til å gjennomføre bygdemobiliseringsprosess. Viktige ting som kom fram i denne prosessen var 3 verdiar som det vart semje om bør vera overordna vidare utvikling. Desse verdiane er Tryggleik, Samhald og optimisme. Vidare er trivsel ein viktig faktor som huglarane vil etterstreva og auka.
Det er etablert 5 team som jobbar med ulike tiltak. Fellesnemnar for arbeidet i desse teama er å skapa ny optimisme og betre samhald, og samtidig sjå nye mogelegheiter i bygda.
Det vert jobba med å skaffa tilgjengelege bustadar og god infrastruktur. Samtidig vert nye næringsvegar sondert. Det blir skapt nye møteplassar der folk i alle aldersgrupper kan treffast uforpliktande, og ulike trivselstiltak er sett i verk. Nettsida www.huglo.no skal vera ei felles nettside som over tid skal avløyse oppslagstavlene og bli ei viktig nettside for alle huglarar og resten av verda.
Den første tida i prosjektet var prega av felles bygde møter, desse er det no litt færre av, men det vert fortsett nokre felles møter med underholdning og god mat. På desse møta vil tiltak frå teama kunne presenterast og forhåpentlegvis vil vi få forelesarar til å komme og gi inspirasjon frå andre bygder og småsamfunn som har lykkast med tilvarande mobilisering.
LivOGlyst prosjektet skal gå over 3 år og er enno inne i sitt første år. Den viktigast jobben i prosjektet er den som blir utført av huglarane som er med i teama. Dei gjer eit glimrande arbeid og det lokale initiativet og gløden i teama er avgjerande for at prosjektet skal bli vellykka. Takk til alle som deltek og dersom det er fleire som vil vera med er det berre å ta kontakt med teamleiarane eller prosjektleiar.
Spørsmål? Ta kontakt med prosjektleiar Alf Einar Notland, mob: 93 23 05 13 , mail: alfnot@hfk.no