Stikkord frå haustmøtet til Huglo bygdelag 08.11.18.
– Gjennomgang av saker som har vore til handsaming.
- Driftsstyret orienterer om deira arbeid.
- Sosialt innslag ved Johanne Øvstebø Tvedten.
- Mat og kaffi
- Styremøter.
- Styret har hatt 6 styremøter
- Vegen til Vikasanden var i dårleg stand.
- I samband med opparbeiding av nausttomt ved Vikasanden har Erling Grov oppdatert vegen. Huglo bygdalag har i etterkant betalt seg inn i kostnadar knytt til oppgradering av vegen.
- Bør utføra noko vedlikehald på Vikasanden. Terrenget har sett seg nokre plassar og bru over bekken bør ordnast.
- Vatn og avlaup.
- Leidning med vatn og avlaup er no lagt frå Reset til sjøen. Spillvasstank er lagt oppom skogsvegen. Vassleidning er kopla til eksisterande kum ved sjøen.
- Der er lagt vassleidning til eksisterande kum om lag midt i Tveitebrekka til Tveit.
- Engevik og Tislevoll AS har hatt arbeidet.
- mai
- mai vart stelt i stand av Bygdekviennelaget. Vel utført.
- huglo.no
- no er oppe og går.
- Oppmoda folk å nytta seg av huglo.no
- Dei som legg inn nyhende og anna informasjon på nettsida gjer ein framifrå jobb.
- Sykkelbua.
- I år har det vore ein del bruk av syklane.
- Syklane bør lagrast innomhus fram til våren.
- 66/40 – Barnehagetomta
- Huset er leigd ut.
- Det er utført ein del vedlikehald, både innvendig og utvendig.
- Utebod er sett opp.
- 3/78 – Samsonshagen.
- Vatn og avlaup til tomta er no ferdigstilt. Tomta er klar til å byggjast på.
- HBL må no ta stilling til kva dei vil med tomta.
- Fastlandssambanet
- Fastlandssambandet for Huglo – Tysnes. Dei styrande partia i Stord kommune var samde om at fastlandssambandet skulle inn på Hordaland fylkeskommune si liste for RTP (programfesta).
- HBL har von om at modell for utrekning av ferjeavløysingsmidlar (statlege midlar øyremerka til prosjektet) vert klarlagt før jul. Alt ligg då til rette for at detaljreguleringsplan kan utbeidrast. Detaljreguleringsplan må til før søknad om ferjeavløysingsmidlar kan sendast til staten. Det er fylkeskommunen som sender inn søknaden om ferjeavløysingsmidlar.
- HBL har i budsjettet for 2019 kome med innspel til at det vert avsett midlar til detaljreguleringsplan.
- Huglo skule
- I vår/sommar vart så og sei heile gymsalen malt og nordre veggen på skulen skrapa og delvis malt. Taket på skulen vart ordna, søre endevegg på gymsalen er skifta m.m
- Straumforbruket er no på eit ”normalt nivå”.
- Det er lagt inn fiber/internett i skulen.
- Det er endå ein del vedlikehald att.
- Reknar med at driftsstyret vil kalla inn til dugnad for vedlikehald både i, på og rundt skulen.
- Leiro
- Har betra vegtilkomst ut til badeplassen på Leiro.
- Har fått lov til å sikra strandsonea mot utvasking. Noko stein er kjørt ut og plassert i strandsona, men det står att noko arbeid med tilkjøring av stein.
- Vegljos
- Det har utført arbeid med vegljos no i haust. Ein god del armaturer er skifta. Det er no lys i alle vegljosa på Huglo.
- Eldretreff
- Det har vore nokre eldretreff i skulen.
- Vedlikehald på den kommunale kaien på Sørhuglo.
- Styret i bygdelaget sendte inn skriv vedr. Deira syn på den kommunale kaien på Sørhuglo. Administrasjonen hadde eit negativt syn på å utføra vedlikehald på kaien, men med bygdelaget sitt brev og litt lobby verksemd, så gjekk kommunestyret inn for at vedlikehald på kaien skal utførast.
- Reknar med oppstart våren 2019.
- Saker som vart peika på ved årsmøte, men ikkje komen vidare med.
- Naturstien – usikker på om det er utført vedlikehald på denne, då det er bondelaget som har ansvaret.
- Slåkjet. Har ikkje gått vidare med dette.