Omnshuset var denne gangen ramma om eit sers vellykke og hyggeleg haustmøte i Huglo Bygdalag. Både eldste fastbuande huglar og den yngste var tilstades og fekk oppleva Johanna Øvstebø Tvedten fortelja og dramatisera Jens Tvedt sine to bøker Madli under apalen og Guds løn. Ein utruleg flott framstilling som me kjem til å hugsa lenge!
Sigurd fortalde kva styret har arbeid med sidan årsmøtet, og Albert hadde ein oversikt over kva som var gjort, og status, vedr. eigedomane våre: Skulen og barnehagen. Skulen treng mykje vedlikehald, og mykje er gjort. Det står bla.aigjen å undersøkja og renovera golvet i den litla gangen mellom gamal og ny bygning, der er det fuktskade.
Nye huglarar vart presentert og ynska velkomen med blomar.
Ny huglar: Ingrid
Etter kaffe og kringla vart dei frammøtte oppfordra til å koma med innspel. Ting som vart nemd var:
- Få vegvesenet for fylkesvegar til å forbedra vegen ved Løkjen, der det vert ståande så mykje vatn at skuleungane må fraktas med traktor
- Arbeida med å laga ein plan og målsetting for utleige av skulen, t.d. til kursverksemd
- Innreia skulestovene til å verta hyggjelegare
- Gjera det mogleg å opna mellom skulestovene – skyvedør?
- Kva kan sløydsalen nyttast til?
- Ynskje om leikeplass – søka nærmiljømidlar frå kommunen
Sigurd sin årsberetning kjem i eige innlegg.