Gratulera so mykje, kjære huglabutikken

Huglabutikken blei denne veka kåra til årets nærbutikk i Hordaland! Dette synest me er utruleg kjekt og me gratulerar Wenche og alle andre som legg ned mykje god innsats og tid i butikken.

 

– Huglabutikken har tipping, drivstoff, pakkeutlevering, utkøyring av post og gjestehamn med dusj, toalett og vaskemaskin. I tillegg sel butikken lokale varer i kommisjon for ei rekkje lag, foreiningar og enkeltpersonar. Dette gjeld både bøker, trevarer, sy- og strikkeprodukt. I den vesle, men koselege, kaffekroken blir lokale og globale problem løyst raskt og effektivt. Butikken ligg på ei øy utan fastlandssamband, med i underkant av 100 personar. Utan butikk ville det vore tungvint å handla daglegvarer, heiter det i pressemeldinga.

Les meir om nyhenda her:

Wenche har årets nærbutikk i Hordaland

Sunnhordland: Heider til huglabutikken 

 

Butikken feira 10 år sommaren 2017

 

Eit litt søk i arkivet til huglo.no på “butikken/huglabutikken” viser mykje godt samhald, ein flott samlingsplass, glede og ein svært viktig del av samfunnet på Huglo.

Her er eit lite utval:
– Vaktskifte i huglabutikken (2009)
– kaffipause (2010) 

– Huglaungdomen er det tak i. (2011)

– Ein fin føremiddag  (2012)

– No er verdas minste julegate opna (2014)

– Stemning på kaien (2017)

– Huglabutikken 10 år

– Ein strålande dag på kaien