Med fare for å gjenta meg sjølv frå tidlegare år: Dette er ein fantastisk kveld. Utruleg kva disse eldsjelane og dugnadsgjengen får til! I år hadde 130 personar meldt seg på, og trivselen og støynivået var høgt frå starten og vart etter som kvelden seig på, høgare og høgare. Men det var berre uttrykk for at folk koste seg, alt gjekk pent for seg.
På kjøkenet herska travel siste innspurt med forretten.
Ute sto Albert og Jøran og grilla kvalkjøt. inne ynskjte Janne velkomen og fekk spisegjestane med på ein rungande applaus for dei som både hadde planlagt, gjort kokkeleringa og skulle rydde opp etterpå – søndag morgen, Vel fortjent er eit for svakt uttrykk!!
Her var så mange rettar med ingrediensar frå havet, at bordet blei for trangt då koldtbordet skulle setjast fram. Men fyrst hadde me fått forretten: Grilla scampi på rista pariserloff, med bacon. Det må ha vore eit heilt dagsverk berre det å laga 130 av disse lekre småbitane. Deretter var “hovedretten” Paella før endå fleire fat enn tidlegare var sette fram med dei nydeligste hav-rettane. Alle åt og drakk av kva dei no hadde med seg, og praten (mykje roping) gjekk gjekk livleg rundt bordene til henimot klokka 23.
Og etterpå var det dans. Men då hadde dei gamle ved “pensjonistbordet” gått heim.