Utruleg kva desse unge får til! Ein håper dei har det like gøy mens dei gjer alt arbeidet som skal til for eit slikt stort arrangement, som me andre, som berre er gjester, har det på sjølve kvelden. Så mykje god mat, spanande mat, vakkert tillaga mat – slikt gjer seg ikkje sjølv. I år var det 30. gang huglaungdomen – med litt forsterkning av foreldre – hald denne tradisjonen ved like. Eit av det store høgdepunkta i året – vonar me kan fortsetja å feira denne spesielle kvelden i mange, mange år framover. Tusen takk for alle som gjer kvelden mogleg!
Del dette innlegget