Torsdag 30. september vert ein spesiell dag for Huglabutikken, idet Wenche overlet ansvaret som dagleg leiar til Hege Elin.
Styret ynskjer å takka Wenche for mange gode og framgangsrike år. Det vert kake for dei som vil ha, heile dagen.
Ca. kl. 16.00 til 16.30 vert det ei lita markering som alle er velkomne til å ta del i.