Hjortejakta var i gang 10.september i år som i fjor. På Huglo er det rekordmengder med hjort i år, og hjorten er ikkje redd for å visa seg ute av skogen, både tidleg og seint har han vorte observert. Nokre veker før jakta starta, observerte Gaute og Lars Haukanes over førti hjort på bakken ein sein kveld, til skrekkblanda fryd. Dagen etter var Lars Haukanes og laga høge gjerepålar som han sette langs heile skogkanten. På pålane hengde han tre lengder med støytgjerde, og dermed var bakkane fri for hjort, og tredjeslåtten kunne hentast inn noko redusert. Det er ikkje tvil om at slike mengder med hjort gjer eit stort innhogg i avlinga.
Nokre dagar før hjakta starta vart støytgjerde fjerna, og det var berre å venta på at hjorten skulle finna veien tilbake slik at ein kunne leggja seg på jakt. Me som ikkje går på jakt, likar og å fylgja med på hjorten der han kosar seg på bakken, og eit sikkert haust tegn er det når dei fyrste hjortebrøla får det til å gå kaldt nedover ryggen på deg.
I år er det 18 hjorteløyve fordelt på heile øya, og 9 er allereie tatt. Med 14 jegarar i aksjon og nokre hundar går det som regel unna. I år er Huglo heldige og har ettersøkshund på øya. Både Gro Anita Nesse og Lillian Anthonessen har kvar sin godkjende ettersøkshund. Hjortejakta varer til 15.november.