Laurdag hadde Huglabutikken A/S si årlege generalforsamling i gymsalen på skulen – med smittevernavstand mellom stolane.
Frå årsmeldinga:
Utvikling og resultat.
“ Huglabutikken AS har dei siste åra hatt ei stabil drift. I 2020 vart det ein auke i omsetninga på 13,4 % samanlikna med 2019. Rekneskapen for 2020 er gjort opp med eit “positivt resultat på kr.271.616,-.
“Det er også siste år gjort oppgraderingar i driftsmiddlar og anlegg. Største investeringa i fjor var nytt drivstoffanlegg. Ordninga med støtte “gjennom Merkur-prosjektet har vore ein viktig bidragsytar. Dette vil vere med å lette drifta og sikre ei vidare positiv utvikling.”
2020 gjekk altså over all forventning, trass i at butikken mista ferje-handelen. Uttrykket “kronår” vart nytta. Handelen i år t.o.m. april, ligg litt under fjoråret. Corona? – hyttefolket vart oppfordra til å handla heime og ikkje nytta lokalbutikken
Arbeidet med nytt drivstoffanlegg var spanande, det var store summer og innfløkt arbeide, sa formannen i styret, Per Egil. Budsjettet var på kr. 1.150.000,-, men vart faktisk billigare ved at utstyr som var sett på som unyttig, vart sløyfa. Merkur støttar drivstoffanlegget med kr. 488.000,-.
Val
Alle som var på val tok gjenval og vart bekrefta med aklamasjon. Vara, valt for eit år, er Leif Nordtveit og Erik Willgohs.
Framtida
Butikken søkjer Merkurmidler (75%) til ny gjeste/flytebrygge, tørketrommel, tak over bensinpumpa, stege på kaia og tak over bensinpumpa (Merkur 50%).
Ny dagleg leiar for Huglabutikken, Hege Elin, startar 1.juli til opplæring. Ansvarsskifte 1.oktober. Wenche fortsett med reknskap og rådgjeving. Og takk for det.
Wenche fekk mykje ros for driften av butikken – vel fortjent!